Vann 3,3 millionar i Joker

Svein Rune Damstuen frå Vågå vann 3,3 millionar kroner i Joker onsdag kveld.

Joker: Svein Rune Damstuen frå Vågå hadde full klaff i Joker onsdag kveld. Han vann 3,3 millionar kroner. 

Nyheiter

Jokertala 2 - 3 - 8 - 8 - 7 gav lykke hjå Svein Rune Damstuen onsdag kveld.

Med 3.352.000 kroner i premiepotten fekk vagværen full klaff i Jokerspelet.

Med familien rundt seg vart det stor jubel da millionpremien var i boks.

Og vinnaren sjølv mista nesten munn og mæle.

På spørsmål kva han skal bruke premien til, svare Damstuen at den skal brukast på familien, betale gjeld og på reiser.