Reinsdyrkjøtt frå Jotunheimen - ein eksklusiv merkevare

Tamreinlaga i Lom og Vågå har, saman med Fram og Filefjell, søkt om Beskytta geografisk namn på «Reinsdyrkjøtt frå Jotunheimen».

Rein frå Jotunheimen: Fire tamreinlag har i fellesskap søkt om Beskytta geografisk namn på reinsdyrkjøtt frå Jotunheimen.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Endeleg fekk vi ein søknad om å ta vare på ein av våre fremste nasjonale matskattar, reinsdyrkjøt. Det var på tide, og nå skal vi arbeide hardt for at tamreinlaga i Jotunheimen, Valdres og Filefjell får det beste juridiske vernet Noreg kan gje eit matprodukt på reinsdyrkjøtet sitt, seier administrerande direktør i Stiftelsen Matmerk, Nina Sundqvist.

Fenomenal råvare

Dei fire tamreinlaga Lom, Vågå, Fram og Filefjell har i fellesskap søkt om Beskytta geografisk namn på reinsdyrkjøtt frå Jotunheimen.