Nytt vertskap med mange planar

Ekteparet Ove og Silje Lilleengen er nytt vertskap på Sota Sæter i Skjåk.
Nyheiter

– Planen vår var å opne nå til jul, men så kom flaumen og reiste med Dyringsbrua, og vi fann ut at det vart for knapp tid til å greie å opne så fort, seier ekteparet Ove og Silje Lilleengen.

Nytt vertskap

Den 12. oktober vart ekteparet som er busett i Skjåk tilsett som Sota Sæter sitt nye vertskap. Frå neste sesong er det dei som skal drive DNT-hytta ved inngangsporten til Breheimen nasjonalpark.