Lom før og nå

Lom knipsarlag er ute med ny Lomskalender.

Bergomsgarden: Dette bildet vart truleg teke i 1960.  

Nyheiter

Kalenderen inneheld «før»-bilde frå 1960- og 70-åra – og heilt nye bilde.

Lom knipsarlag har teke eit utval bilde frå fjellheimen, grender og sentrum i Lom kommune. I kalenderen, der det er presentert eit gamalt og eit nytt bilde for kvar månad, ser ein godt kor mykje det har endra seg frå 1960-åra og fram til i dag. Det gjeld både sentrumsutvikling, byggjefelt i sentrum og i grendene, industriutvikling, veg- og kommunikasjon, turisthytter og transportmiddel.

– Vi har trykt 300 kalendrar og har sjølvsagt håp om å få selt alle saman, seier Knut Holen, leiar i laget.

Han fortel at medlemstalet i Lom knipsarlag er aukande.

I dag: Slik ser det ut på Bergom i 2018.  Foto: Lom knipsarlag.