To mot tre:

Driv både høgt og lågt

Sjur Bjørgen og Ola Rossehaug har heile tida krakt og klatra og nå har dei, delar av arbeidsveka, bytt ut kontorstol og pc med vernesko og motorsag.

Høgt! Det er stas det gut!

Nyheiter

– Ein må prøve eitkvart, veit du, seier Ola Rossehaug. Vi har hengt saman i alle år og likt å drive med klatring og uteliv - rett og slett vore apekattar.

Såpass uredde apekattar at dei har teke permisjon frå dei «sivile» jobbane. Ola er informasjonskonsulent i Lom kommune medan Sjur arbeider i vaksenopplæringa i Vågå. Nå har dei starta firmaet To mot tre AS.