Bil i grøfta - store materielle skadar

Ein personbil har køyrt av riksveg 15 laurdag kveld.
Nyheiter

Naudetatane er rett etter klokka 19 laurdag kveld på tur for å bistå ved ei trafikkulykke mellom Garmo og Lom.

Frå politiet på operasjonssentralen på Hamar, får Fjuken opplyst at det er prat om ein bil som har køyrt i grøfta. Bilen skal ha store materielle skadar, og ein person i bilen skal klage over smerter.

– Men det skal ikkje vera noko alvorleg, opplyser politiet.