Uvêr stenger fjellovergangar

Fv55 og Fv51 blir ikkje opna att fredag.

Stengt: Fv55 og Fv51 er stengt på grunn av uvêr fredag.  Foto: Statens vegvesen/ Webkamera

Nyheiter

Både fylkesveg 55 over Sognefjellet og fylkesveg 51 over Valdresflye er stengt på grunn av uvêr.

Vegtrafikksentralen Øst opplyser at ingen av vegane vil bli opna att fredag, men at det vil bli ny vurdering laurdag morgon.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane via Statens vegvesen sine nettsider.