Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan i Skjåk kommune:

Foreslår å kutte inntil 6 lærarårsverk

Skulekantina blir lagt ned. Reduksjon med inntil 6 lærarårsverk frå hausten 2019, ingen ressursar til delingstimar i basisfag og berre ein kontaktlærar per klasse, med unnatak av 1. klasse.

Kutt: Rådmannen foreslår fleire dramatiske kutt i skulesektoren, blant anna at kantina skal leggjast ned - og at det skal kuttast i fleire lærarårsverk.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Dette er nokre av kuttforslaga rådmannen kjem med i sitt framlegg til budsjett- og økonomiplan.

Rådmannen foreslår å redusere det samla driftsbudsjettet med 3,7 millionar kroner i høve til 2018. Helse- og omsorg får det meste av reduksjonen med 2,6 millionar kroner, medan oppvekst og utdanning blir redusert med 1,7 millionar kroner. Dei øvrige budsjettområda får ein netto auke på i alt 650.000 kroner. Budsjettet for dei enkelte åra i planperioden er dermed i balanse, det vil seia netto driftsresultat i null.