Lom næringsforeining:

– Kom de' heimatt!

Ei gruppe lomværar vil arbeide for å få fram optimismen, engasjementet og rett og slett få folk heimatt til bygda.

Engasjerte: Karoline Skjerpingstad, Mari Steinehaugen, Arne Bjørgen og Svanhild Lyngved brenn for Lom og ber, med eit smil, utfløtte å koma seg heimatt.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det var etter den siste næringspuben at det vart det danna ei næringsforeining som kallar seg Lev i Lom. Formålsparagrafen lyder slik: «Foreininga har som formål å skape optimisme, arbeidsplassar og tilflyttarar til Lom, samt å bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter».