– Hent pakka!

Ennå er det ikkje desember, men «posthuset» er fullt av pakker.

Pakketid: Pauline Berger stikk så vidt opp over alle pakkene, medan Anette Fallingen tek imot ei pakke som skal sendast.  Foto: Helene Skjåkødegård

Nyheiter

På «Post i butikk» på Bunnpris i Bismo er det snart ikkje plass til fleire pakker.

– Folk må koma å hente ut pakkene sine, så fort dei har fått melding om at pakka er komen, seier butikksjef Grete Aune Ulen. Nå kjem det berre fleir og fleir pakker framover, vi får rett og slett plassmangel, seier butikksjefen.