Reidar Kjæstad skal leia adventsserie på TV:

– Eg vil slå eit slag for skabbete julenissar, skakke juletre og ribbe med seig svor.

Reidar Kjæstad, til dagleg journalist i Nrk Hedmark og Oppland, blir å sjå på TV kvar sundag fram til jul.

Programleiar: Reidar Kjæstad skal leie adventsserie på Nrk.  Foto: Nrk

Duo: Reidar utgjer saman med Jannicke Farstad programleiarduoen for «Advent - Hva er jul for deg».  Foto: Nrk

Nyheiter

Kvar sundag framover kan heile Noreg finne julestemninga i Nrks nye adventsserie på TV, som nå blir spelt inn mellom anna på Maihaugen. Programleiarane Reidar Kjæstad og Jannicke Farstad får med seg musikarar og gjestar til å slå an juletonen. Dei vil òg utforske korleis jula vår er nå, midt mellom gamle tradisjonar og nye trendar.

I tillegg til Maihaugen, dreg Reidar på besøk til Ålesund der vi blir betre kjent med kystens juletradisjonar – saman med medprogramleiar Jannicke Farstad frå Valderøya.

– Eg er ikkje så flink til å vera voldsomt julejovial, så mitt bidrag i programmet er å slå eit slag for skabbete julenissar, skakke juletre og ribbe med seig svor. Eg likar jula litt rufsete, og ser nok litt skakk ut i ruta ôg, uvant som eg er med å sjå i kamera medan eg pratar, seier programleiar Reidar.

Prosjektleiar for serien er Terje Hong, også han frå Nrk Hed/Opp.

Programmet heiter «Advent – Hva er jul for deg».