Kommunepsykolog i Ottadalen

Lom, Skjåk og Vågå har planar om at det frå 1. juli 2019 skal opprettast ei interkommunal kommunepsykologstilling.

Psykisk helse: Frå 2020 vil det truleg koma eit statleg pålegg om at alle kommunar skal ha kommunepsykolog. Lom, Skjåk og Vågå vil samarbeide om saka.   Foto: Arkiv/Illustrasjon

Nyheiter

Frå statleg hald er det varsla at det frå 2020 blir pålegg om at kommunane skal ha tilbod om kommunepsykolog, og dei tre ottadalskommunane har funne ut at det kan vera formålstenleg å samarbeide om saka.

Kommunepsykologen skal bidra i arbeidet med å førebyggje utvikling av psykiske lidingar og elles hjelpe til i det øvrige arbeidet innanfor psykisk helse og rus i dei tre kommunane. Tilbodet skal vera eit lågterskeltilbod for born og unge, vaksne og eldre med psykisk helseproblematikk. Psykologen skal samarbeide med dei andre helsetenestene i kommunane.  

Lom, Skjåk og Vågå har søkt Fylkesmannen om midlar til oppretting av stillinga – og har fått positivt svar: Det er innvilga eit tilskot på 400.000 kroner for 2018. Det vil óg vera mogleg å søkje om midlar i 2019.

Det er Lom kommune som etter planen skal vera arbeidsgjevar for psykologen – og vertskommune for samarbeidet.

Saka går nå til politisk behandling i dei tre kommunane.