Flittige strikkedamer i Vågå

Ein gjeng med flittige damer har strikka klede som varmar og kjem andre til gode.

Strikkedamer: Dei flittige damene har strikka fleire hundre produkt av restegarn. Klede som kjem andre til gode.  Foto: Privat

Nyheiter

Dette er 17. året på rad at ein gjeng flittige damer har vore på Vågå Frivilligsentral og henta seg restegarn og strikka klede som varmar. Kleda blir delt og sendt til prosjektet «Ny start i øst», og til Frelsesarmeen.

Damene har i år produsert 181 par sokkar, 45 par vottar, 110 luer, 23 skjerf, 10 panneband, 1 sjal, 12 genserar, 1 skjørt, 1 pledd og 1 jakke.

Nyleg var strikkedamene Brit Akerhaugen, Inger Øygarden, Berit Hammer, Inger Hidemstrædet, Ragnhild Aabakken, Magnhild Haugli, Jorunn Rugsveen, Gunhild Ulsand, Solveig Hageløkken og Ragna Plassen samla på Vågå Frivilligsentral til kaffi og kringle, som ei avslutning på strikkeprosjektet.