Naudetatane har øving:

Varslar blåljosaktivitet måndag kveld

Naudetatane skal gjennomføre ei øving, og melder om at det vil bli ein del blåljos å sjå.

Øving: Naudetatane varslar ein del blåljosaktivitet i Bismo måndag kveld, i samband med ei større øving.  Foto: Illustrasjon/ Arkiv

Nyheiter

Måndag kveld i perioden 17.30-21.00 vil det vera ein del blåljosaktivitet i Bismo i Skjåk. Det opplyser brannsjef i Lom og Skjåk brannvesen, Atle Festervoll.

Bakgrunnen for blåljosaktiviteten er ei større øving som blir gjennomført av alle dei tre naudetatane.

– Store delar av øvinga vil bli gjennomført i og ved Skamsargjeilen i Bismo. Dei næraste naboane er varsla om øvinga. Delar av øvinga vil gå føre seg i Skamsarvegen, og det vil difor kunne bli ein del blåljos langs vegen i bustadfeltet. Vi ynskjer difor å varsle om øvinga i forkant, for å unngå eventuelle spekulasjonar og redsel blant bebuarar, seier brannsjef Atle Festervoll.