Samfunnshuset fyller 60 år:

Storstila jubileum i Sjårdalen

Det er i år 60 år sidan Sjårdalen samfunnshus stod ferdig. Dette vart feira laurdag kveld – med 130 gjestar til bords.
Nyheiter

Sjårdalen samfunnshus i Vågå har vore eit viktig samlingspunkt for grenda sine innbyggjarar, lag og foreiningar sidan 1958, da huset stod ferdig. I helga vart den viktige 60-årsjubilanten feira med firerettar middag, bildeframsyning, historiske attendeblikk, talar, underhaldning og festmusikk laurdag kveld.

Magnar Bakke leia dei 130 gjestane, beståande av nåverande og utflytta sjårdølar - og andre - gjennom kvelden.