Solid overskot for Landsfestivalen

– Eg er sjølvsagt strålande tilfreds med resultatet.

Leiar: Randi Rust er strålande nøgd etter Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Det vart eit solid overskot for Skjåk spel- og dansarlag som stod som arrangørar for festivalen.  Foto: Tom Erik Solstad

Mykje folk: Landsfestivalen i gamaldansmusikk samla mykje folk i alle aldrar, og folk kosa seg i Bismo.   Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv

Komiteen: Hovudkomiteen fekk mykje skryt for arbeidet sitt under Landsfestivalen i sommar.  Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv

Nyheiter

Det seier ei spudlande Randi Rust som er leiar i Skjåk spel- og dansarlag, som stod som arrangør for Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Skjåk i sommar. Rust var òg leiar i hovudkomiteen for festivalen.

Landsfestivalen vart ein stor suksess heile vegen, og nå som alt av rekningar og anna er betalt kan Rust fortelje korleis festivalen gjekk reint økonomisk.

– På kontoen til Skjåk spel- og dansarlag står det nå 758.000 kroner merka Landsfestivalen 2018, smiler leiaren.

Da er blant anna 298.000 kroner overført til små og store samarbeidande lag og organisasjonar. Organisasjonen FolkOrg har òg fått det dei skal ha, om lag 100.000 kroner.

– Med andre ord var resultatet godt over éin million kroner, seier Rust.

Sist helg vart det arrangert dugnadsball i Marlo grendahus for friviljuge som var med å hjelpe til under Landsfestivalen. Alle var invitert til å melde seg på dugnadsfesten.

– Vi var om lag 140 personar i grendehuset, og det vart ein heidundrandes fest med god mat, bra musikk og mykje dans. Med eit slik økonomisk resultat attpå festivalen, tok vi oss til og med råd til å spandere konjakk til kaffien, smiler Randi Rust.

Sjølv om det var svært hektiske dagar medan Landsfestivalen i gamaldansmusikk stod på i sommar, vedgår Randi Rust at det absolutt var verd det.

– 700.000 kroner er mykje pengar i lagskassa til Skjåk spel- og dansarlag. Det vart eit betre økonomisk resultat enn vi trudde det skulle bli. Eg tippa på eit overskot på pluss minus 500.000 føreåt, seier leiaren.

Også sist gong spel- og dansarlaget i Skjåk stod som arrangør for Landsfestivalen, som er for ti år sidan, vart det 700.000 kroner i overskot.

Randi Rust fortel at det framleis står att pengar på kontoen frå festivalen i 2008. I likskap med den gongen, fortel Randi Rust at overskotet skal brukast til å fullføre strategien som vart lagt, om å fokusere på barn og unge.

– Med pengane skal vi vera med på å bidra til å ta vare på og vidareføre tradisjonane når det kjem til spel og dans, mellom anna i form av opplæring og kurs. Det å slå ring om den sosiale samværsdansen er òg noko spel- og dansarlaget er opptekne av, seier Randi Rust.

Til slutt tillet vi oss å spørje ho om når vi kan vente oss landsfestival i Skjåk att.

– Om 5-6 år meiner eg vi må byrje å tenkje på det att, men da må vi finne ein annan leiar enn denne gamle dama her, skrattar Rust.