Klart for ny julekonsert i Storstugun

Årets julekonsert i Vågå kulturhus byr på kjente lokale artistar.

Songfugl: Torunn Kveen er ei av fem artistar som deltek under julekonserten.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Torsdag 29. november er det julekonsert i kulturhuset.

Dette blir den niande konserten med tittelen «Jul i storstugun».

I år er det Camilla Granlien, Torunn Kveen, Geir Thorud, Ole Jonny Bekkemellem og Vidar Hoel som skal setje publikum i stemning.

Vidar Hoel er som vanleg konsertmeister. Han har vore med på alle julekonsertane.

Camilla Granlien er folkesongar som bur på Lillehammer, og som har stått på fleire scener i Ottadalen tidlegare.

Ole Jonny Bekkemellen er musikar frå Heidal, kjent frå blant anna gruppa Von.

Torunn Kveen er lokal songfugl og Geir Thorud er multimusikar.

Billettane til konserten er lagt ut for sal.

– Dette er ein av konsertane som fort blir utseld, seier Stein Holen ved kulturkontoret.

Han trur dette blir ein varm og fin konsert, i likskap med dei åtte føregåande konsertane.

– Her kan folk setje seg ned og kose seg med god song og musikk, seier Holen.