Har kjøpt Kvam Mekaniske Verksted sin eigedom i Lom:

Utvidar campingplassen

Kjøpet av verkstadbygget og tomta til Kvam Mek. i Lom gjev campingplassen på Nordal Turistsenter 30 fleire vognplassar.

Større campingplass: Nordal Turistsenter har kjøpt eigedomen til Kvam Mek. i Lom og utvidar campingplassen med 30 nye vognplassar. – Talet på bubilturistar har eksplodert dei siste åra, og vi ser klart behovet for fleire plassar, seier Tor Gaute Nordal.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Nyleg vart det kjent at eigedomen til Kvam Mekaniske Verksted i Stupulvegen var seld. Kjøpar er Nordal Turistsenter i Lom.

Fleire interesserte

– Når denne moglegheita dukka opp, fann vi ut at dette var eit passande høve til å utvide campingplassen som ligg heilt inntil Kvam Mek., seier Tor Gaute Nordal.