Sjå bilde:

Populær julemesse-debut på Moar

Arrangør, utstillarar og besøkande er samde: Julemessa i Moar grendehus i Skjåk vart ein stor suksess.
Nyheiter

– Eg blir nesten rørt av alle dei positive attendemeldingane eg får i dag, sa Heidi Brujordet da vi prata med ho på Moar rundt høgstdag laurdag.

For fyrste gong arrangerte ho julemesse i grendehuset i Lundagrenda. Bortimot 20 utstillarar hadde tinga seg plass for å selja bakst, husflid, kornband, dekorasjonar, handarbeid og anna. Det var òg sal av kaffi, vaflar og lodd – der heile overskotet vart gjeve til Moar grendehus.