Modulbygget blir sett opp i desember

Håpet er å få teke i bruk modulbygget ved Bismo barnehage rett etter nyttår.

Modulbygg: Modulbygget som skal opp i tilknyting til Bismo barnehage skal løyse barnehagesituasjonen i kommunen, der fleire barn manglar barnehageplass.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Leiar for teknisk drift i Skjåk kommune, Ove Jon Plassen, fortel at kommunen berre ventar på klarsignal frå Arbeidstilsynet før grunnarbeidet tek til i samband med modulbygget som skal opp ved Bismo barnehage i Skjåk.

Det er Expandia Moduler som står for levering og montering av bygget, medan entreprenør Andersbakken skal utføre grunnarbeidet. Det skal utførast ein del gravearbeid.

– Det skal inn vatn, avløp og straum, og det skal planerast der bygget skal stå, seier Plassen.

Han fortel vidare at dersom alt går etter planen vil modulane kome, og bli montert, i veke 50.

Håpet er at den «nye avdelinga» i Bismo barnehage kan takast i bruk rett etter nyttår.

Modulbygget ved Bismo barnehage blir 114 kvadratmeter stort, og skal løyse den utfordrande situasjonen Skjåk kommune har med at fleire barn manglar barnehageplass.