Aud Hove valt til fylkesordførarkandidat

Aud Hove frå Skjåk vart laurdag formelt Senterpartiet sin toppkandidat til fylkestingsvalet neste år.

Toppkandidat: Sp-politikar Aud Hove frå Skjåk vart laurdag valt til toppkandidat ved fylkestingsvalet neste år under nominasjonsmøtet for Hedmark og Oppland Senterparti.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Aud Hove har vore aktiv Sp-politikar ei årrekkje, både i lokal- og fylkespolitikken. Ho er i dag fylkesvaraordførar i Oppland.

Under laurdagens nominasjonsmøte for Hedmark og Oppland Senterparti vart Hove valt til toppkandidat med 187 av 202 røyster.

Målet for Hedmark og Oppland Senterparti er å gjera eit godt val hausten 2019 – så godt at dei får inn minst 15 på fylkestinget, og helst fylkesordføraren. Med Aud Hove som toppkandidat etter laurdagens val, kan det gå mot ei framtid som fylkesordførar for den aktive Sp-politikaren frå Skjåk.