Sjå bilde frå kulturkvelden i Skjåk:

Pris og stipend til skyttarkonge og sjølvlært musikar

Fredag kveld vart Skjåkprisen og Kulturstipendet delt ut i Marlo grendehus, til to svært dyktige personar på kvar sine felt.
Nyheiter

Det var under ein svært variert kulturkveld i eit nesten fullsett Marlo grendehus at både pris og stipend vart delt ut fredag kveld.

Skjåkprisen

Skyttarkongen Tor Gaute Jøingsli vart heidra med Skjåkprisen 2018. Skjåkprisen heng høgt, og den som blir æra må ha gjort noko heilt spesielt for bygda, som blir lagt merke til på ein positiv måte.