«Ny» bru opna torsdag:

Endeleg kunne det nye vertskapet koma seg til Sota

Berre to dagar etter at dei fekk jobben som nytt vertskap på Sota Sæter i Skjåk, reiste Dyringsbrua med flaumen. I dag, torsdag, kunne vertskapsparet Ove og Silje Lilleengen endeleg køyre bil til det som blir deira komande «heim» og arbeidsplass.
Nyheiter

Etter at flaumen tok Dyringsbrua den 14. oktober, måtte fleire hytteeigarar ved Liavatnet la bilen stå att. Torsdag morgon klokka 10.00 vart den mellombelse brua over Åstre ved Dyringen opna for trafikk.