Torsdag kan du hente bilen

Den mellombelse brua over Åstre er snart ferdig.

Dyringsbrue: Noko arbeid står att, men i løpet torsdag blir brua køyrbar.  Foto: Privat

Nyheiter

Etter at flaumen tok brua over Åstre ved Dyringen i Skjåk, måtte fleire hytteeigarar ved Liavatnet la bilen stå att.

Nå, vel ein månad etterpå, er ei ny - mellombels - bru på plass.

Litt arbeid står att, men Skjåk kommune informerer at brua blir køyrbar i løpet av torsdag og at folk da kan hente bilane sine.

Det er elles fint føre og grei vêrmelding fram mot helga, slik at turen ikkje vil by på utfordringar.