Iselin takka Stian og dei gode hjelparane

I haust opplevde Vågå kommune to krevjande situasjonar; telebrot og flaum. Måndag var dei som hjelpte til under hendingane invitert til kommunehuset for ein takk.

Takka: Stian Rugsveen var ein av 14 personar som møtte opp da ordførar Iselin Vistekleiven baud på suppe som takk for innsatsen under dei to hendingane i haust; nettbrotet og flaum.  Foto: Arve Daniellsen

Nyheiter

– Takk for innsatsen døkk gjorde under desse to hendingane, sa ordførar Iselin Vistekleiven.

Saman med kommunalsjef Pål Inge Sanden ynskte ordføraren å takke brannvesen, friviljuge og media for arbeidet som vart gjort ved to hendingar i haust.

Fyrst brotet på nettlina den 20. september og under storflaumen i Ottaelva den 14. - 16. oktober.

Vågå kommune sette pris på den innsatsen som vart gjort, og inviterte til eit enkelt måltid som takk på kommunehuset måndag.

– Utan kunnskapen lokalt hadde vi ikkje fått opp kommunikasjonen på så stutt tid, sa ordføraren om nettbrotet.

Ordføraren sa at ein blir ført til fem forskjellige departement for å finne ei løysing på dette.

– Det er viktig å sikre for framtida at slikt ikkje skjer, sa Iselin Vistekleiven.