Innertiar med skyteskule

Rekrutteringa til Vågå skyttarlag er god. Sju unge skyttarar stilte på skyteskule.
Nyheiter

– Interessa for skyting er stor. I fjor var det innom 35 unge skyttarar, seier Iva Hidemstrædet i Vågå skyttarlag.

Førre tysdag kveld inviterte skyttarlaget til skyteskule på miniatyrbana i kjellaren på Skårvangen og Skogbygda grendahus.

Fem tysdagar framover blir det skyteskule for dei som var nye i fjor eller dei som er heilt nye i år.

Dei fleste som stilte, hadde skote før.

Hidemstrædet fortel at skyttarlaget har kjøpt inn fleire nye børser.

Deltakarane på skyteskulen får enkel teori om skyting og våpen. Det gjevaste er likevel å få skyte.

Det er 15 meter frå standplass og fram til skyteskiva. Innertiaren er 1,5 millimeter i diameter.Skytebana har sju elektroniske skiver, slik at skyttarane ser kvar dei treffer. Ute i framrommet kan foreldra følgje med på storskjerm.

Skytebana er i bruk fleire kveldar i veka.

– I snitt er det innom 50-55 skyttarar i alle aldrar kvar veke, seier Iva Hidemstrædet.