Hjelpekorga på plass

Organisasjonen Hjelp oss å hjelpe håpar å få fylt handlekorger til jul.

Kiwi: På Kiwi i Lom har Arnt Rune Vole ståande ei hjelpekorg fram mot jul.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er ikkje alle i distriktet som har slik utkome at dei har til det heilt nødvendige, og folk blir dermed oppmoda om å handle litt ekstra som dei kan putte i handlekorga som står ved kassa på Kiwi i Lom.

Det ein kan ha i korga bestemmer ein sjølv, men det bør ikkje vera ferskvarer.

– Vi er ein naudhjelpsorganisasjon, noko som tilseier at vi kan hjelpe til i ein krisesituasjon fram til andre løysingar trer i kraft og vårt tilbod er på eit absolutt minimum for overleving fram til krisa er løyst, heiter det på Facebook-sida til Hjelp oss å hjelpe Oppland.

Monica Holm, som er lokal kontaktperson, håpar at korga blir fylt og ber ein spesielt tenke på at det snart er jul og at ein kan ha litt julegodt i korga.

– I fjor kom det inn mykje julegodt, julegodt og julebrus som ungane set pris på, fortel ho.

Også på Bunnpris i Bismo og på Coop Mega Vågå er det plassert hjelpekorger.