Trur på ei god framtid for landbruket

Det er mange som ser mørkt på framtida til distriktslandbruket, men slik tenkjer dei ikkje på garden Graffer i Lom. Dei satsar og byggjer nytt fjøs for sju millionar kroner.

Satsar: Far og dotter, Hans og Hilde Graffer, har tru på landbruksnæringa. Nå byggjer dei nytt fjøs til om lag 7 millionar kroner.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Eit nytt fjøs er i ferd med å reise seg. Det er bygt heilt inntil det gamle fjøset, er 600 kvadratmeter stort – og har ein prislapp på om lag 7 millionar kroner. Å bestemme seg for å satse så hardt sat ganske langt inne, vedgår Hans Graffer.