Skikongen Oddvar Brå til Lalm

Måndag 19. november blir det skikveld med langrennslegende Oddvar Brå og føredragstornado Thor Gotaas på Lalm samfunnshus.

Skikongen og forfattaren: Oddvar Brå og Thor Gotaas kjem til Lalm samfunnshus måndag 19. november for å prate om boka.  Foto: Privat

Nyheiter

Langrennsløparen Oddvar Brå er blant våre største idrettslegender. Han brakk staven i VM i Oslo i 1982 og blir særleg hugsa for det. Men han presterte mykje meir.

Kva veit vi eigentleg om Oddvar Brå frå Hølonda, bygda i Sør-Trøndelag der han voks opp som odelsgut? Der han brøyta skispor på jorda og i skogen, og gjekk einsleg på ski, og bestemte seg tidleg for å bli verdsmeister.

Thor Gotaas har skrive historia om Oddvar Brå, trønderen som gjekk på ski inn i den norske folkesjela. Boka vart lansert i Oslo den 10. oktober.

Måndag kveld kjem Gotaas og Brå til Lalm samfunnshhus for å vise film og prate om boka.

Thor Gotaas er folkeminnegranskar, forfattar og føredragshaldar. Han har skrive 31 bøker, blant anna «Femmila – Skisportens manneprøve» og «Birken».