Nye «falske» skråblikk på julestria

Jotunheimen Underholdning er klar med nytt juleshow. Fake Christmas 2 ser skrått på julestria.

Fake Christmas 2: Endre Skjåk og Veronika Wolf er to av aktørane i det nye showet som blir sett opp to gonger i Lom og ein gong på Otta før jul.   Foto: Yury Rogachev

Nyheiter

Lars Bakke, Viggo Didriksen, Ole Foss, Endre Skjåk, Reidar Svare, Pål Svindland, Eldri Tofte og Veronika Wolf utgjer troppen som skal more ottadølar i eit revyprega show før jul.

– Det er ein revy, kanskje med meir musikk og song enn i ein vanleg revy, med sketsjar med både lokalt og nasjonalt utgangspunkt, fortel Endre Skjåk.

Innhaldet er nytt frå i fjor, men temaet er det same.

Den vellykka førjulstida, dei glade insta-oppdateringane og det lystige livet - som kanskje ikkje er slik i verkelegheita.

– Alt skal vera så koseleg, men bak fasaden er det kanskje ikkje det, seier Skjåk.

Sjølv om det finst ein alvorleg undertone, lovar Skjåk og dei andre humor og latter - det er det denne gjengen fyrst og fremst er kjent for.

– Det er ein vaksenrevy, det må seiast. og sjølv om framsyninagane går på tidleg kveldstid er ikkje dette noko for ungar, seier Skjåk. Showet kan vera ei fin opplading til julebordet, meiner han.

Det er framsyning i Utgard fredag 30. november og laurdag 1. desember.