Førarkortbeslag og rusa tenåring

Politiet i Ottadalen tok førarkortet til ein bilist etter høg fart i Garmo og ein rusa tenåring i Vågå vart køyrt heim.

Fart og rus: Politiet i Ottadalen tok førarkortet til ein bilist i Garmo og måtte køyre heim ein tenåring i Vågå som var overstadig rusa.   Foto: arkiv

Nyheiter

Seint laurdag kveld vart ein bilførar måla til 75 kilometer i timen i 60-sona i Garmo.

Førar hadde prøvetid på førarkortet og 4 prikkar frå tidlegere forhold. Dermed tok politiet beslag av førarkortet.

Klokka 02.31 melde politiet på Twitter at politiet måtte ta hand om ei overstadig rusa jente i slutten av tenåra i Vågå.

Jenta vart køyrt heim for oppfølging av familie.