Tilskot til utvikling av bookingsystem

Vågå Folkemusikkarrangement AS har fått tilskot for utvikling av eit bookingsystem for å formidle overnattingsplassar under større arrangement.

Kappleik: Vågå Folkemusikkarrangement AS skal neste år arrangere ny Landskappleik. Kjersti Gangsø er styreleiar.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Vågå har ei utfordring når det skal arrangerast større arrangement i og med at det ikkje finst mykje kommersiell overnatting i sentrum.

Av denne grunn ynskjer Vågå Folkemusikkarrangement AS å utvikle eit system for å forbetre prosessen med å registrere og leige ut privat overnatting.

Det er estimert at ein kjem til å formidle rundt 450 private senger, 110 einingar til camping og 150-200 personar på sovesal.

Formannskapet har løyvd 50.000 kroner i tilskot.

Systemet vil bli teke i bruk neste år under Landskappleiken.