Fjelldronninga i Gjendebu

Den fyrste som fekk DNTs fortenestemedalje ville, som turistforeininga gjer, fylt 150 år i år. Rønnaug (Repp) Hoft.

Gjendebu: Slik såg Gjendebu ut da Rønnaug Hoft hadde dei fyrtste turane sine inn i fjellheimen. fotoutlån Norsk fjellsenter  Foto: Ukjent

Nyheiter

33 år gamal vart ho i 1901 tilsett som bestyrerinne i Gjendebu. Ho tok over etter Ragnhild Synstnes og Gjendine Slaaliens far, Erik.

Den norske Turistforening åtte i 1901 sju hytter som hadde eit samla gjestetal på 1.006. Nær halvparten av dei, 476 budde i Gjendebu. det fortel kor populær Gjendebu var.