Populær festival i Lom

Lom skifestival samlar folk frå store delar av landet.

Skifestival: Over 100 personar har meldt seg på skifestivalen i Lom.   Foto: Arkiv/Arve Danielsen

Nyheiter

– Vi har fått over 100 påmeldingar. Dei fleste kjem frå Oslo, men vi har mange frå andre delar av landet òg, fortel Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellsenter.

Dei ulike arrangementa startar i kveld, torsdag, med ope hus, planlegging og informasjon om dei ulike fjell- og skiturane.

Det er mykje som skal skje i løpet av helga, ikkje «berre» skiturar. Ulike foredrag, filmar, sosialt samvær, mat og musikk står óg på programmet.

Apropos film: Laurdag kveld er det noregspremiere på filmen «Face of Winter», med mellom andre skistjerna Dennis Risvoll frå Vågå.