Simen Bjørgen er uroa for lokaldemokratiet i Lom:

– All makt er plassert på for få hender

Fleire parti i Lom slit med å stille liste til neste kommuneval. Det uroar Simen Bjørgen.

Samlingsliste: – Eg meiner Lom Ap, Bygdalista og Lomslista bør gå ihop til ei liste, ei tverrpolitisk samlingsliste, foreslår Simen Bjørgen.  Foto: Ingrid Blessom

Nyheiter

– Lom Senterparti har ei sterk liste med mange gode og spennande namn, og det er fint. Men kva skjer med dei andre listene i kommunen? Eg har lese i Fjuken at både Lom Ap og Lomslista slit. Bygdalista har varsla at dei greier å stille liste, og kanskje greier dei to andre partia det óg, men i kva grad kan eventuelt tre såpass små «grupper» - kvar for seg – greie å vera ein kraftfull opposisjon? spør Bjørgen.