Skjåk på breibandstoppen i fylket

Ei undersøking NHO Innlandet har fått gjennomført, syner store skilnader på dekningsgrad i Ottadalen.

Dekningskart: Dette kartet frå SSB syner breibandsdekninga i Innlandet.   Foto: Skjermdump/nho

Nyheiter

81 prosent av husstandene i Skjåk har høgfarts breiband, medan dei tilsvarande tala for Lom og Vågå er 45 og 47.

I gjennomsnitt har 58 prosent av opplendingane 100 Mbit/s-breiband i heimen.

– Innlandet har gjort eit stort sprang i breibandsdekninga det siste året. Men, det er langt att til målet på 90 prosent dekning for høgfarts breiband og det er for store skilnader mellom kommunane våre, seier regiondirektør Jon Kristiansen i NHO.

Han etterlyser større prioriteringar i statsbudsjettet og meir debatt om dugnadsfiber i fylkes- og kommunestyra.

Det er fleire år sidan den store fiberutbygginga starta i Skjåk, men grannekommunane heng ennå ein del etter.

NHO meiner det må satsast meir på utbygging av breiband gjennom «dugnadsfiber», ei deling av kostnadane mellom hushaldningar, stat/fylke og kommunar.