Bålbrenning resulterte i brannutrykking

Lom og Skjåk brannvesen rykte ut på det som var melding om brann i Lia i Lom onsdag ettermiddag.

Utryking: Lom og Skjåk brannvesen rykka ut til ein kvisthaug som brann. Det såg dramatisk ut i mørkret. – Det skal ikkje brennast bål etter at det er mørkt, seier brannsjefen. 

Nyheiter

Det var ingen brann, men brenning av kvist på eit jorde.

– Ein skal ikkje fyre opp bål etter at det er mørkt. Det kan sjå skummelt ut for folk som ferdast etter vegen, dei ser ikkje kva som brenn. I dette tilfellet var det store flammar, og det kunne godt sjå ut som om det var eit bygg som brann. Dermed vart brannvesenet varsla, og det er vi glade for, sjølvsagt, seier brannsjef Atle Festervoll.

Han fortel at det skal varslast på førehand dersom ein skal brenne kvist eller anna.

– Og det skal ikkje brennast bål etter at det er mørkt, seier brannsjefen.