Sotvegen:

Bruarbeidet i gang

Arbeidet med å setja opp ei mellombels bru over Åstre ved Dyringen er nå i gang.

Brulaust: Brua over Åstre reiste i flaumen. Nå blir ei mellombels bru sett opp til høgre for dei opprinnelege brukara.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Sidan flaumen tok Dyringsbrue 14. oktober, har elleve eigarar vore billause.

Folk som var på hyttene sine ved Liavatnet måtte evakuerast med helikopter etter at brua reiste, og bilane vart ståande att.

Innan eit par veker, og helst før, kan bilane køyrast heim. Arbeidet med å setje opp ei mellombels bru er nå i gang. Stålbjelkene til den opprinnelege brua blir brukt opp att, det blir lagt eit dekke av tre og ein enkel tilkomstveg til brua blir bygt.

Bruspennet på brua som reiste med elva var 17 meter. Frå vegende til vegende over elva vart det etter flaumen 43 meter.