Ronja har bygt seg hus på ein tilhenger:

– Perfekt for meg

Ronja Schüßler frå Tyskland har arbeidd og budd i Ottadalen i fleire år. I staden for å leige eller kjøpe seg ein stad å bu, har ho - heilt sjølv - laga sitt eige krypinn – på ein tilhengar.

Minihus: Ronja Schüßler frå Tyskland har bygt sitt eige minihus på ein tilhengar. På åtte kvadratmeter har ho det perfekt for sine behov. I huset er det verken straum eller innlagt vatn, men den tyske jenta fortel at ho og hunden Balder greier seg fint likevel.  Foto: Tom Erik Solstad

Straum og innlagt vatn er ikkje viktig for meg

Ronja Schüßler
Nyheiter

Ronja Schüßler kjem frå Bayern i Tyskland. 27-åringen kom til Skjåk i 2015, der ho jobba i sju månader. Så reiste ho attende til Tyskland nokre veker, før ho kom attende til Ottadalen, og fekk jobb på Nordgard Aukrust. Ronja har også jobba på Brimi Sæter og har vore geitebudeie på Åsen Sæter i Skjåk.