Søppelstafetten held fram i Skjåk

Laurdag har skyttarlaget i bygda plukka søppel.

Skyttarlaget: Søppelstafetten held fram i Skjåk. I dag har skyttarane plukka søppel langs Otta.  Foto: Privat

Nyheiter

Det friviljuge engasjementet i Skjåk er framleis på topp når det gjeld forsøplinga attpå flaumen.

Laurdag var det skyttarlaget som plukka søppel og plast. Dei har gått strekninga på sørsida av Ottaelva frå Skamsar bru til Ofossen.

– Vi sender neste etappe til Skjåk Jeger- og fiskarlag, seier Lars-Egar Haugen i Lom og Skjåk skyttarlag.