Finaleplass for Brimi-ost

Verdas beste ost er norsk, og kjem frå Bergen.

Utmerking: Ola Tangvik Brimi har fått utmerkinga Super Gold for Sæterparmesan.  Foto: Lars Ole Ørjasæter

Nyheiter

Men, ein ost frå Vårdalen og Lom kom til finalen.

3.472 ostar frå 29 deltok på verdsmeisterskapet i ost i Bergen, og vinnarosten kom frå ... Bergen.

Brimi Sæter deltok også i konkurransen, og sannelege reiser ikkje Ola Tangvik Brimi heim til Vårdalen med ei utmerking i bagasjen.

Brimi Sæter fekk utmerkinga Super Gold for den tre år gamle Sæterparmesanen sin. Det vil seia at osten var med i finalen om å bli verdas beste ost.

I tillegg fekk Brimi Sæter bronse for 2017-osten.