Vinterstengt

Statens vegvesen har stengt fv. 63 mellom Geiranger og Langvatn for vinteren.

Stengt: Nå er fv63 til Geiranger stengt for vinteren.  Foto: Arkiv/Statens vegvesen

Nyheiter

Vegen har vore stengt og opna att mange gongar i haust fordi vêrtilhøva har vore svært krevjande med mykje nedbør og vind. Nå har ikkje vegen vore open sidan tysdag, da det gjekk to snøskred.

- Vegen ligg på over 1000 meter og vi har hatt utfordringar med vind, mykje nedbør, skred og vekslande temperaturar i mange veker. Nå er det ikkje lenger forsvarleg korkje for trafikantane eller dei som arbeider på vegen å halde han open lenger, seier byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Vegen opnar vanlegvis i siste halvdel av mai.