Tesfahiwet – Bakeren i Vågå

Tesfahiwet Araya tok sist sommar bruk den gamle steinomnen i eldhuset i Ullinsvin for brødbaking. Nå har eritrearen etablert enkeltmannsføretaket Bakeren i Vågå for å satse vidare på bakeriet og utvide produksjonen.

Bakeren i Vågå: Tesfahiwet Araya starta sommaren 2018 eit samarbeid med historielaget og prosjekt Ullinsvin, der den gamle steinomnen i eldhuset vart teke i brik til å bake brød og bollar. Nå ynskjer han å satse vidare på bakeriet og utvide produksjonen. Her er Tesfahiwet saman med Margit Hoen frå i sommar.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Tesfahiwet kom til Noreg frå Eritrea i 2015, der han jobba som bakar.

Han starta sommaren 2018 eit samarbeid med historielaget og prosjekt Ullinsvin og har teke i bruk den gamle steinomnen i eldhuset til å bake brød og bollar.

Han ynskjer å satse vidare på bakeriet og utvide produksjonen både i talet produksjonsdagar, men og med nye produkt som han ynskjer å produsere. Han har planlagt å utvide produksjonen med takkebakst som lefse og flatbrød i tillegg til fleire produkt innanfor gjærbakst.

Han går på kurs hjå Norges Vel og skal starte på kurs hjå bakeriet i Lom.

I samband med at Tesfahiwet ynskjer å utvide sin bakeaktivitet, har han søkt næringsfondet i Vågå kommune om støtte.

Rådmannen ser positivt på at det etablerer seg ein baker i Vågå og er imponert over innsatsviljen og engasjementet som Tesfahiwet viser.

– Eit tilbod om bakarvarer bakt i den gamle steinomnen i Ullinsvin kan vere med å bygge opp aktivitet som Ullinsvin treng for å utvikle seg til eit kultur og turistpunkt, skriv rådmannen i saksutgreiinga til søknaden frå Tesfahiwet.

Rådmannen rår formannskapet til at det blir gjeve støtte til prosjektet, når politikarane skal behandle saka tysdag 6. november.