Sp-lista i Lom er klar

Lom Senterparti hadde nominasjonsmøte onsdag kveld. Partiet har full liste: 23 namn.

Toppar lista: Bjarne Eiolf Holø stiller som ordførarkandidat for Lom Sp for tredje gong.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

– Vi er svært nøgde med lista. Alle grendene er representert, vi har god spreiing i alder, kjønn og bakgrunn. Det einaste eg skulle ynskje meg, er fleire yngre kvinner. Elles må eg seia vi kom godt i mål, seier Svanhild Lyngved, leiar i nominasjonsnemnda i Lom Senterparti.