Minnekonsert og utdeling av to prisar

Musikaren og komponisten Hjalmar Moen blir æra med minnekonsert under Vågåtreffen.

Minnekonsert: Hjalmar Moen komponerte 580 melodiar, alt frå marsjar, tango og vals. Fredagskvelden under Vågåtreffen er det minnekonsert i kulturhuset etter komponisten og spelemannen. Hjalmar Moen var inspirert av konsertmusikk, men spela sjølv opphavleg gamaldans.   Foto: Asbjørn Letrud

Komite: Initiativtakar Dag Gården og programleiar Trond-Ole Haug, Rikard Odnes og Arne Stasviken frå trekkspelklubben, meiner det er på tide med minnekonsert etter Hjalmar Moen.  Foto: Heidi Strømstad

Nyheiter

AV HEIDI STRØMSTAD

Helga 2. - 4. november er det klart for ny Vågåtreff, den 42. i rekkja.

– Det er enorm oppslutning i år, seier treffbasen Arne Stasviken i Vågå trekkspelklubb.

I alt 38 gamaldansgrupper og spelmannslag har meldt seg til dansespeling på Vågå Hotell og mange blir å høyre under mønstringskonserten i kulturhuset laurdag.

Vågå trekkspelklubb er tildelt Vågå kommune sin kulturpris for 2017, og prisen blir overrekt under mønstringskonserten.

– Stor stas, seier leiar Rikard Odnes i klubben.

Programleiar Ola Grøsland skal leie sin 20. mønstringskonsert i år.

Og tradisjonen tru skal Vågåfatet delast ut.

Vågåtreffen startar fredag kveld med minnekonsert i kulturhuset etter musikaren og komponisten Hjalmar Moen (1920 - 2005).

Minnekonserten er det Dag Gården som har vore primus motor for, og han set stor pris på samarbeidet han har hatt med trekkspelklubben kring denne.

Hjalmar Moen var ein trekkspelkomponist frå Vågå, ein dyktig og beskjeden spelemann som var, og er viden kjent for sine kjøtkaker frå Moens kjøtforretning.

Han etterlet seg 580 melodiar, godt systematisert etter sjanger.

Hjalmar Moen komponerte alt i frå marsjar, tango, vals og masurka til paso doble.

Konsertmusikk på trekkspel frå 1920-, 30- og 40-talet var inspirasjonskjelda for Hjalmar, men han spelte opphavleg gammaldans, mellom anna i Skjåk Trekkspelklubb.

Det er eit vidt spekter av musikk som skal presenterast, og med god hjelp av musikarar frå Nord-Gudbrandsdalen er det duka for ein minnerik kveld.

Av dei som deltek under minnekonserten er Jon Faukstad, Kristian Sørlie, Jakop Kjørren, Eilev Øverbø, Dag Gården, Vågåsekstetten, Letruds med Leif Moen, Vågå spelmannslag, Vågå trekkspelklubb, Mads Erik Odde, med fleire. Det vil bli solospel, duettar og samspel.

Moen skreiv også janitsjarmusikk, heile 65 marsjar.

Musikkforeiningane frå Lalm og Vågå stiller opp for å heidre komponisten.

Hjalmar Moen er tidlegare heidra med Vågåfatet og Kulturprisen for Vågå.