Vågå kjøper aksjar i Nordavind:

– Må seia ja til dette

Eit fleirtal i Vågå kommunestyre gjekk inn for å kjøpe aksjar for 150.000 kroner i Nordavind DC Sites AS med håp om at datalagringsselskap skal etablere seg på Lalm.

Datalagring: Vågå kommune kjøper aksjar i selskapet Nordavind. Dette selskapet er tilbydar av datasentertomter i Noreg. Eit spansk datalagringsselskap vurderer Kolbotn industriområde på Lalm som aktuell stad å etablere seg på.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Ein kan meine kva ein vil om datalagring, men dette kan bety nye arbeidsplassar, sa Sverre Braaten (Ap) da kommunestyret tysdag kveld gjekk inn for å kjøpe aksjar i selskapet Nordavind DC Sites AS.