Nominasjonar til Folkelarmprisen

Under Folkelarm 8. til 11. november blir dei som har gjeve ut folkemusikkplater det siste året feira. Utdelinga av Folkelarmprisen skjer på Riksscenen laurdag 10. november.

Kvartett: Aslak Brimi Kvartett er blant dei nominerte til Folkelarmprisen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Folkelarmprisen er folkemusikkens og verdsmusikkens eigen platepris, og har vore ein viktig del av Folkelarm sidan starten i 2005. Plateprisen er open for alle formar for tradisjonsmusikk utøvd av musikarar – med norsk eller ikkje norsk bakgrunn. Albumet må vera utgjeve i Noreg.
Årets jury har vurdert rundt 70 plater som ert gjeve ut mellom 31. august i fjor og 1. september i år. Dei har kome fram til følgjande nominerte, i alfabetisk rekkefølgje:

Nominerte i kategori: Dokumentasjon

Alfred Maurstad: Alfred Maurstad-innspelingar frå 1927 til 1962 (Aksent)

Knut Kjøk: fele (Ta:lik)

Tor Homleid: Drangedalsspel (Ta:lik)

Nominerte i kategori: Solo

Britt Pernille Frøholm: Nordfjord (Mere Records)
Thomas Nilssen og Ole Nilssen: Løten 2018 (Ta:lik)
Øyvind Brabant: Breksja (Etnisk musikklubb)

Nominerte i kategori: Tradisjonelt samspill

Gro Kjelleberg Solli: Stien eg fann (Ta:lik)

Margrete Nordmoen: Skal du langt (Ta:lik)

Sogesong: Så vide fara dei lindarord (Heilo/Grappa musikkforlag)

Sudan Dudan: Heimen der ute (Ta:lik)

Nominerte i kategori: Open klasse

Aslak Brimi kvartett: Vev (Ta:lik)

Erlend Apneseth: Nattsongar (Heilo/Grappa musikkforlag)

Irene Tillung med Ti på Taket: Hildersyn (Heilo/Grappa musikkforlag)

Mattis Kleppen: Bassgitar (Crispin Glover Records)
Nils Økland Band: Lysning (Heilo/Grappa musikkforlag)

I tillegg blir også Årets folkemusikar kåra, men her er det ingen førehandsnominerte.