Blomar for flaumdekning frå Vågå

Fjuken fekk ros og blomar frå Vågå kommune for måten lokalavisa dekte flaumen på.

Blomar: Fjuken vart sett pris på for flaumdekninga. Lokalavisa er her representert ved Arve Danielsen, Vigdis Kroken, Terje Randen og Tom Erik Solstad. 

Nyheiter

Det var Frode Sandum som, under orienteringa om flaumen i kommunestyret i Vågå, rosa lokalavisa for måten det vart informert om den alvorlege situasjonen på. Gunnar Frydenlund hengde seg også på denne rosen av Fjuken.

På tampen av møtet overrekte ordførar Iselin Vistekleiven ein blomsterbukett til Fjukens medarbeidar som takk for innsatsen.

– Det er verkeleg gledeleg å bli sett pris på, seier redaktør Hans Erik Kjosbakken. Som lokalavis har vi sjølvsagt eit ansvar for å formidle informasjon til innbyggjarane, og vi valde å legge ut all naudsynt informasjon ope og tilgjengeleg for alle. Eg trur vi hadde godt over 40 oppdateringar om flaumen da det stod på som verst, fortel redaktøren.