Næringssjefane har laga liste over lokale entreprenørar som kanskje er ledige for oppdrag etter flaumen:

– Tenk gjerne lokal arbeidskraft

Næringssjefane i Ottadalen ynskjer å bevisstgjera at det finst lokale firma som kan nyttast i oppryddingsarbeidet etter flaumen.

– Tenk lokalt! Næringssjefane i Ottadalen ynskjer å bevisstgjera at det finst mange lokale entreprenørar og handverkarar som kanskje har ledig kapasitet når det gjeld oppryddingsarbeidet etter flaumen. Frå venstre: Næringssjef i Vågå kommune Live Brimi, næringssjef i Lom kommune Åshild Myhre Amundsen, og næringssjef i Skjåk kommune Eli Johanne Lundemo.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Mange i Ottadalen, både private og bedrifter, har behov for handverkstenester etter flaumen, og mange er allereie i gang med oppryddinga. Nå har næringssjefane i Skjåk, Lom og Vågå engasjert seg, og ynskjer å bevisstgjera at det finst lokal arbeidskraft som kanskje kan utføre arbeidet. Fleire firma frå meir sentrale strok er å sjå i distriktet om dagen, og sjølv om kommunane ikkje kan påverke dette, ynskjer næringssjefane i Ottadalen at dei som har høve tenkjer lokalt, om det er snikkararbeid eller anna.

– Vi har vorte kontakta av entreprenørar som har fortalt oss at det finst ledige lokale handverkarar, seier Eli Johanne Lundemo som er næringssjef i Skjåk.

Saman med næringssjef Åshild Myhre Amundsen i Lom og Live Brimi i Vågå, har ho sett seg ned og laga ei felles liste over lokale entreprenørar innan alle aktuelle sektorar. Lista vart lagt ut på kommunane sine nettsider tysdag, og består av over 60 små og store bedrifter.

– Det er ikkje sikkert at vi har greidd å få med oss alle, men ta da kontakt, så oppdaterer vi lista fortløpande, seier næringssjefane.

Dei har ikkje noko oversikt over kor mange av dei på lista som har ledig kapasitet, men ber folk om å ta direkte kontakt med bedriftane for å høyre.

– Mange forsikringsselskap nyttar bedrifter frå meir sentrale strok, så det krev gjerne ein innsats frå den som er råka for å kunne leggje litt press på selskapa for å kunne bruke lokal arbeidskraft, seier næringssjefane i Ottadalen.