KRONIKK:

Rapport frå søppellandet

– Eg oppmodar til snarast å koma i gang med dette livsviktige arbeidet, skriv Torgeir T. Garmo som meiner at storsamfunnet må ta ansvar for forsøplinga attpå flaumen i oktober.

Søppellandet: Torgeir T. Garmo har vore på tur i søppellandet. Han oppmodar storsamfunnet om å bidra til oppryddinga. privat foto 

Der elva hadde roa seg i loner ligg han i tjukke lag, ofte hauga i hop med halvkvista tre, brotne greiner og krattskog, dandert med lag av botnmose og avreven torv. Opp i denne haugen har elva samvetsfullt fylt på med gamle traktordekk, kanner med farleg avfall, tomflasker og allslags emballasje.

Torgeir T.
Nyheiter

Dagen er isnande kald. Berre stripevis slepp ei låg, blendande sol ned i dalen der elva sukkar stilt med drivande sarr på grumsete, grønt vatn. Det tek tid å botnfelle all kvabben attpå flaumen for stutte veker sia.